top of page
Logoen

Tanker bak logoen:

For meg er det veldig viktig at ein logo representerer det den skal, og at i designprosessen kjem fram det som du vil at den skal representere. Min jobb er å hjelpe deg og Montessori med visuelle bilder slik at du kan bestemme deg for kva som passar best for skulen.

 

Den kreative prosessen:

Eg fekk ganske mykje å gå på, med bakgrunnsinformasjon (visjonsnotat) om skulen og det som er viktig med montessoripedagogikken. Eg tok utgangspunkt i de emosjonelle verdiene, spesielt samarbeid, mot og respekt.

 

Når jenta ser opp på månen/skyene/ut i det nye og uante, so viser ho ein

nysgjerrighet for det ho ikkje veit, og det ho vil vite. 

bgmontessoritransparent bakgrunn.png

I og med at Montessoripedagogikken er fokusert på den kosmiske energi på jorda og om jordas utvikling, so passa det veldig at jenta ser opp på planeten og undrer seg på korleis 'ting' heng i hop. Barn er alltid nysgjerrige og ganske modige og ubeskjedne. Dei er veldig ærlige når det gjeld kunnskap om kva dei forstår og ikkje forstår (og det er utruleg god hjelp aa ha barn i hus også ;). Det er veldig viktig for meg at jenta ser oppover på det som ho ikkje veit, men som ho gjerne vil vete, og dette er litt det eg ville prøve å få fram, at med samarbeid mellom barn og lærer/foreldre kan barnet komme seg veldig langt både fysisk og psykisk.

 

Fargevalg:

Valg av farge var vel kanskje litt enkelt til slutt, men det absolutt rette. Eg trur eg kanskje blei litt opphengt i gult/oransje ei stund, og det var på grunn av det du skreiv om 'et fyrtårn for læring'. Då blei det jo litt gult og art nouveau'isk, ein av mine personlige favoritter, og eg prøvde å finne ein måte me kunne bruke gult i logoen. Et par andre farger blei også foreslått men det blå representerer Montessoripedagogikken aller best, som du skriv, jorda er jo ein blå planet!

 

Skrifttype:

Det blei naturlig å velge Century Gothic som font, i og med at du bruker den på Montessoriskulen og at det er ein passande font, enkel, tradisjonell (den har ein relativt kort historie, men minner veldig om futura font som er basert på geometriske former og var basert rundt bauhaus stilen tidlig på 1900 tallet). Eg synest fonten runder av logoen, den passer veldig godt sammen med jenta og den minner jo som sagt om futura, ein font du gjerne kjenner igjen fra gamle ABC boeker. Eg meiner kombinasjonen mellom font og bilde vil bidra til at logoen blir

ein klassiker.

 

 

Randi K. Steine

bottom of page